Gry Nerland - Keramikk

Keramikaren starta opp med eigen verkstad på Kvalsund, Nerlandsøy, våren 2003
På verkstaden lagar ho unike handbygde produkt i steingods med forkjærleik for kvardagsenglar - som skal vere til glede og trøyst
Men også "fjørfe"; hanar og høner, i tillegg til vasar, skrin, fat, lysestakar, uteskulpturar...

Gry Nerland har si klåre målsetjing: å lage vakre kvardagsgjenstandar, som i seg sjølv kan vere estetiske og skulpturelle, men som også kan ha ei bruksform.
Produkta skal formidle sjarm og humor, og skal vere heilt og fullt etter eigen design og stil.
Kunstnaren likar å bruke ståltråd i kombinasjon med leire, til hår eller gloriar på englane sine, eller til å feste "pynt" på vasar og skrin.
Ho likar ikkje det perfekte, og englane hennar er heller ikkje det, anten er dei lange og tynne, eller små og tjukke, som i livet elles. Somme er forsiktige og blyge, andre meir freidige og frekke....

Produkta har eit litt grovt preg, av di kunstnaren vil at materialet; leira, skal syne.
Ho legg sterk vekt på at gjenstandane skal bety noko, gi ei glede i kvardagen.

Gry Nerland - Biletgalleri

Klikk på bileta for større utgåve.